Livet inneheld mange prøvelsar, større og mindre.
Denne våren vart det ei tung tid. Vesle Petrine døydde, 11 år og seks månader vart ho. Det kjære barnebarnet hadde hatt kreft i 7 år og heile vegen nedturar og oppturar. Inn i mellom gode dagar, men og mange dagar med smerter og lidingar. Petrine var siste gongen på Folla ein månad i juni -juli i fjor. Då ho reiste sa ho til meg:» Det har vore kjekt å vere her!» No er ho i himmelen og har det godt.
Eg har no opplevd ei rar og annleis veke. Sist måndag skulle eg gå min vanleg tur opp til Skare og gjerne ein visitt ti Åsen og til Gløsen. Men då kjende eg at dette greier eg ikkje, Smerte eg hadde kjent på førre tur og tidlegare turar byrje kome. Eg måtte ringe til legekontoret og Bjørg køyrde meg dit. Det vart teke EKG og eg vartr send ti sjukehuset, Hadde fått eit lite hjarteinfarkt. Eg hadde hatt angina.
Etter diverse prøver på sjukehuset, fekk eg plass på St.Olav i Trondheim og reiste med ambulansefly dit. Det var no torsdag og eg vart klargjord for undersøking og inngrep. Det var for lang kø, og eg måtte vente til fredag.Fredag vart eg trilla til operasjossalen og inngrepet vart sett i gang. Eg var vaken heile tida med berre ei lindrande sprøyte i ved høgre handledd der det vart gjort eit snitt og ført noko inn i pulsåra mot hjarte. Det var overvåking og «filming»heile tida. Det viste seg at ei blodåre som skal forsyne hjartemuskelen med blod, var neste tett på ein plass. Der vart det sett inn ein såkalla stent som gjer at blodet strøymer fritt til hjarte. Operasjonen var vellukka! Eg måtte vere på sjukehuset til laurdag for at legane kunne sjå at eg var klar for heimreisa.
Dete var ei fantastisk oppleving, mest som å få livet på nytt. Så vart det og slik at eg fekk bilskyss heim til Folla av Magnar Førde, son til mitt søsken barn, Johanne. Han bur i Trondheim og er pensjonist. Det var stort for meg at reisa enda slik. No må eg kome meg til hektene att og trene meg opp att.