ivafolla

Ny bil

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 26. oktober , 2026

Vi går mot vinter med ny bil. For første gong med firhjulsdrift! Ikkje nok med det, men den er elektrisk. No treng vi berre gjeste bensinstasjonen når vi treng drivstoff til snøfræsaren, plentraktoren eller påhengsmotoren.

Vi slepp å «gire» sidan det er automatgir. Det er for oss ein avansert bil og det går litt tid å setje seg inn i alt det nye som dukkar opp på skjermen. Laddar har vi på garden så det er berre å dra opp til huset på haugen og fylle. Det er ikkje «pire» å setje seg inn i alt det nye, men bilen er også flink til å minne oss om ting. Viss vi ikkje ser på vegen, dukkar det opp eit auge på skjermen saman med ei lyd. Sjølv om motoren er svært still så er det nok av lydar eller varsling. Nytt men spennande for ein som er over 80!

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "ivafolla" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php