ivafolla

Den vanskelege bøna

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 4. mai , 2026

Når det røyner på, og og det ser ut til at pilene viser mot det verste her i livet:Døden! Då har vesle menneskebarnet lite å stille opp med. Det er mange som har bedt og ropa til Gud om lækjedom. Så langt har det gått feil veg menneskeleg tenkt og sagt. Det er mange lovnader i Bibelen om berging om lækjedom. Vi veit og at det er mange som kan vitne om berging, Eg har sjølv opplevd at Jesus har berga meg, men eg har og opplevd at Gud ikkje har berga to av eigne barn frå å døy. Det er eit under at ein kjem gjennom slike sorger. Det er vanskeleg å tru at det er ei meining med det, eller at det er ein plan.

«Lat viljen din skje på jorda slik som i himmelen», ber vi i bøna som Jesus lærte oss. Han bad sjølv i Getsemane: «Om det er råd så tak denne skåla frå meg». Men han heldt fram: «Ikkje som eg vil, berre som du vil».

Den vanskelegaste bøna eg bed er: «Lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen!»

Vi bed framleis om lækjedom for Petrine, og vi held fram med å be heile Fadervår. Gud har ein plan: DET EVIGE LIVET

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "ivafolla" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php