ivafolla

Lesnad

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 28. april , 2026

Litt om endringar i lesnaden

Her vert det snakk om aviser og blad.

Med ujamne mellomrom er det nokon som har stilt meg spørsmål om å tinge

Dag og Tid, ei avis på nynorsk. Det vart altfor lenge til eg sa ja til eit abonnement.

Etter få aviser i postkassa, er eg ikkje i tvil. Dette er ei bra avis. Ho kjem ut kvar fredag så eg har fleire dagar med eitt nr. til neste utgåve. Her er lange artiklar om leseverdige emne. No sist vart eg merksam på den nest siste sida der Ragnar Hovland skriv om eitt og hit i ulike sjangrar. Nett denne forfattaren har eg tidlegare fått litt i stygg til etter ei bok med mykje usømeleg som eg valde å kaste frå meg. Her i Dag og Tid var det ikkje noko å ta på veg for. Kryssordet er sjølvsagt på nynorsk, men for vanskeleg for meg. Får halde meg til kryssordet til Stien i Vårt Land.

Når det gjeld andre aviser er det overflatisk. I Vårt Land les eg som regel andakta, men det kan vere litt blanda når det gjeld det eg får ut av somme utleggingar.

Professoren må eg alltid ha med meg. Teiknestripene er gamle, men bunken har vore snudd mange gonger.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "ivafolla" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php